Julekalender 2021

3des

I fjor starta vi opp ein ny og aktivjulekalender, i år vil vi gjenta suksessen.  Os orienteringsklubb, 1.Os KFUK-KFUM-Speidere og Os kyrkjelyd jobbar saman om å lage ein aktivjulekalender for alle Osingar. Det er kjekt med samarbeid på tvers av organisasjonane og det er kjekt å lage til noko som alle kan delta på i desember.  

Som seg hør og bør i ein julekalendar kan ein – kvar dag frå 1. desember til 24. desember – orientere seg til ei ny post ved hjelp av ein mobilapp (zippygo), har du ikkje mobil kan du og finne postane på nettsida zippygo.no . Vi ønsker å gi eit gratis aktivitetstilbode til osingane i den mørke tida, og legger opp til ein aktiv julekalender med orienteringspostar som vert satt ut i områda rundt Lunde og Os sentrum. I fjor var karta over Kunventræ, Nore Neset og Halhjem, og det var ein heldig vinnar av kalenderen som hadde gått mange av postane på Nore Neset som vant.
Dette er ein julekalender for alle alder, både små og store – og for dei som er veldig aktive eller ikkje fullt så aktive, kanskje et godt tilskot til sjokoladekalenderen?

Kvar dag vert det trekt ein vinnar av ei dagspremie, så om du har anledning til å ta posten den dagen den kjem ut kan du bli den heldige vinnaren av dagens premie. Premiane kan hentast på Os-Kyrkjekontor. Det er viktig å synkronisere data før kl 12.00 neste dag om ein ynskjer å vere med på dagspremie trekninga. Om du ikkje får tatt posten den dagen den vert lagt ut, så kan du ta den ved fyste høve innan ti dagar. For kvar post du tek aukar sjansane for å vinne hovudpremien som vert trekt den 5. januar 2022.

Vi vil anbefale alle å parkere slik at det vert ein liten gå tur fram til postane, og sidan det kan verte litt mørkt, oppmodast du til å ta med ei lykt for å sjå kvar posten er. Postane er markerte med postmarkering og kodar. Postane vil «poppe» i appen om du har lasta ned den.

Av smittevernshensyn er det ikkje lov å ta på postane og vi ber om at en til ein kvar tid følger smittevernsråda frå kommunen. Når det er sagt så er dette ein fin måte å komme seg ut og vere litt aktiv i desember, kanskje du kan invitere nokon med på ei artig kveldstur?

Kom bli med på ein aktiv julekalender!


Bli medlem!

Os Orienteringsklubb (Os Ok) er idrettslaget for deg som liker å løpe i skog og mark. Vi ønsker oss mange medlemmer på alle nivå. Om du vil gå på tur, bidra i et sosialt miljø eller om du vil bli så god som du kan, vi har plass til deg. Vi har treninger for nybegynnere og viderekommende. Om du er ute etter å presse deg til det maksimale eller om du vil være med som en mosjonist så har vi tilpasset treningsøkter til ulike nivåer.

Dersom du kunne tenke deg å begynne med orientering kan du trykke på knappen under og sende oss informasjon om deg selv!