Julekalenderen 2020

26nov

Os Orienteringsklubb, 1. Os KFUK-KFUM-Speidere og Os kyrkjelyd har saman laga ein aktiv julekalender for alle Osingar.

Som seg hør og bør i ein julekalendar kan ein – kvar dag frå 1. desember til 24. desember – orientere seg til ei ny post ved hjelp av ein mobilapp (zippygo), har du ikkje mobil kan du og finne postane på nettsida zippygo.no. Vi ønsker å gi eit gratis aktivitetstilbode til osingane i den mørke tida, og legger opp til ein aktiv julekalender med orienteringspostar som vert satt ut i områda rundt Kuventræ, Nore Neset og Halhjem. Dette er ein julekalender for alle alder, både små og store – og for dei som er veldig aktive eller ikkje fullt så aktive, kanskje et godt tilskot til sjokoladekalenderen?

Ein av postane i skogen..

Kvar dag vert det trekt ein vinnar av ei dagspremie, så om du har anledning til å ta posten den dagen den kjem ut kan du bli den heldige vinnaren av dagens premie.  Om du ikkje får tatt posten den dagen den vert lagt ut, så kan du ta den ved fyste høve innan ti dagar. For kvar post du tek aukar sjansane for å vinne hovudpremien som vert trekt den 3. januar 2021.

Om du må kjøre bil til området anbefaler vi deg å parkere ved dei lokale idrettsanlegga og gå derfrå til postane, og sidan det kan verte litt mørkt, oppmodast du til å ta med ei lykt for å sjå kvar posten er. Postane vert markert på ein litt annleis og fin måte, som synast godt i mørket i samspel med lommelykt. Når du kjem heilt nærme så får du sjå dagens kode og ei lita oppmuntring.

Sylvi Lundgren med ein av postane i julekalendaren. «Foto: Midtsiden»

Av smittevernshensyn er det ikkje lov å ta på postane og vi ber om at en til ein kvar tid følger smittevernsråda frå kommunen. Når det er sagt så er dette ein fin måte å komme seg ut og vere litt aktiv i desember, kanskje du kan invitere noen med på ei artig kveldstur?

Kom bli med på ein aktiv julekalender!


Bli medlem!

Os Orienteringsklubb (Os Ok) er idrettslaget for deg som liker å løpe i skog og mark. Vi ønsker oss mange medlemmer på alle nivå. Om du vil gå på tur, bidra i et sosialt miljø eller om du vil bli så god som du kan, vi har plass til deg. Vi har treninger for nybegynnere og viderekommende. Om du er ute etter å presse deg til det maksimale eller om du vil være med som en mosjonist så har vi tilpasset treningsøkter til ulike nivåer.

Dersom du kunne tenke deg å begynne med orientering kan du trykke på knappen under og sende oss informasjon om deg selv!