KM bronse til Espen Rognsvåg, for ein vårsesong!

10jun

Espen sikra seg årets andre KM medalje då han for nokre timar sidan mottok bronsemedalje på mellomdistansen i Viking sitt jubileumsarrangement i Sædalen.

Espen har mange gode resultat denne sesongen. For 3 veker sidan vann han sølmedalje i KM Sprint-stafett saman med Andreas Berge, helga etter sprang han ein solid siste etappe på Kompis-stafetten og sikra tidenes første premieplass for Os Ok i stafetten., og no ein bronsemedalje i skogen.

Det var solid orientering som førte til bronsemedaljen. Espen låg litt bak i starten, men avstanden var liten og etter kvart klatra han oppover på resultatlista. På post 19 (av 21) var Espen på 3.plassen som han holdt heilt i mål.

Espen med dei andre medlajevinnarane i KM mellomdistanse. 1. Rune Nygaard (Gular), 2. Oscar Røen (Varegg), 3. Espen Rognsvåg (Os Ok)

 

 

Det har vert ein flott vårsesong i Os Ok, men fleire medlaljer i  krinsmeisterskap, 3 lag i Kompis-stafetten, fleire nybegynnarar også på løp. På sprintcup 3 som vi arrangerte  på Os vidaregåande var vi største klubb med 28 deltakarar (18 nybegynnarar).
Vi har tatt enno eit steg i riktig retning!

Ada Wikestad sprang fort gjennom nybegynnarløypa på Totræna.

 

Det vart 7.plass og Kompis-sokkar på førstelaget i Kompis-stafetten. Aurora Helene Wikestad (1.etappe), Espen Rogsvåg (5.etappe), Turid Rognsvåg (3.etappe), Andreas Berge (2.etappe), Tommy Sævareid (4.etappe)

 



Bli med!

Os Orienteringsklubb (Os Ok) er idrettslaget for deg som liker å løpe i skog og mark. Vi ønsker oss mange medlemmer på alle nivå. Om du vil gå på tur, bidra i et sosialt miljø eller om du vil bli så god som du kan, vi har plass til deg. Vi har treninger for nybegynnere og viderekommende. Om du er ute etter å presse deg til det maksimale eller om du vil være med som en mosjonist så har vi tilpasset treningsøkter til ulike nivåer.

Dersom du kunne tenke deg å begynne med orientering kan du trykke på knappen under og sende oss informasjon om deg selv!

Bli medlem!

Lik Oss

Vår Facebookgruppe

Bli med i vår facebookgruppe

Støtt Oss

Grasrotandelen