Informasjon til nybegynnarar i orientering

Nivå

Alle kan delta på trening, løp og konkurranse uavhengig av alder, o-teknisk nivå og kondisjon. Når du er nybegynnar bør du starte på N eller C – nivå. 

●N – løyper: Løypa skal gå langs samanhangande og tydelige ledelinjer av typen, vei, sti, bekk, gjerde. Det skal være eitt veivla langs opplagt ledelinje frå post til post. På trenigsplan er trening tilpassa dette nivået merka med 

●C – løyper: Løypa skal gå mest mulig langs ledelinjer av typen, vei, sti, bekk, gjerder, tydelige markante, fjerdekantar, steingjerder, tydelig hogstfelt o.l. Enkelte steder forventast løparen å forlate ledelinja. Kan ha noen strekk med vegvalgsmuligheiter. På treningsplan er trening tilpassa dette nivået merka med 

●B – løyper: Må kunne orientere utan ledelinjer og krev forståing av høgdekurver og finorientering inn mot postane. Det skal være en sikker oppfangande detalj bak posten (100-200 meter). Posten skal ligge på tydelig detalj. På treningsplan er trening tilpassa dette nivået merka med 

●A – løyper: Kan være krevende orientering, uten tydelige detaljer på strekket eller nær posten. Bør beherske alle orienteringsteknikkar. På treningsplan er trening tilpassa dette nivået merka med 

Henta frå: http://www.orientering.no/media/filer_public/7b/8d/7b8de6dc-3576-4cb8-a0b4-9f6608ec87ca/forklaring_loypeniva_orientering__2020.pdf

Trening

For å bli med på trening, kan du møte opp på treningssted (sjå aktivitetskalender på heimesida til Os orienteringsklubb). Treningane er utandørs. Dersom du treng opplæring eller følgje gjennom løypene, så er det lagt til rette for at du kan få med deg nokon som har meir erfaring. På o-teknisk trening (tysdagar) trenger du å ha med:

  • Plastmappe til kartet
  • Joggesko, terrengsko eller orienteringssko. O-sko kan ein bestille på nettbutikk t.d. denne: https://www.jarvisx4.no/butikk/
  • Kompass dersom du har dette. OS-OK sel rekruttpakke som inkluderer kompass.
  • Om vinteren trenger du i tillegg refleksvest og hovudlykt. 

Konkurransar og løp

Ulike løp

Oversikt over løp finn du på https://eventor.orientering.no/Events

Pokalkamp, Sprintcup og Nattcup er populære o-løp i Bergensområdet, desse vert arrangert på tysdagar og onsdagar. I pokalkampen (7.løpstirsdager) konkurrerer orienteringsklubbane mot kvarander. Det blir gitt poeng ut i frå kvar enkelt løpar sin plassering, dess fleire løparar i klubben som deltar på mange løp dess fleire poeng. Nybegynnarar får god utteljing med 2 poeng for kvart løp. Os orienteringsklubb har brukt å kjempe mot Askøy. Sesongen 2019 slo vi Askøy med 4 poeng (tilsvara ein nybegynnar som deltar på to løp, eller to nybegynnarar som deltar på eitt løp). Pokalkampen har brukt å bli avslutta med bading/bowling og pizza for barn og unge.                 

Andre populære løp er kretsløp,  krinsmeisterskap, kristornløpet på Stord og Odda 2-dagers, helgeløp.

Os orienteringsklubb har tradisjon for å stille lag til Kompisstafetten som arrangerast 1. gang i året av Samnanger I.L. Her spring Nybegynnarar, C, B og A løparar samen på same stafettlag. Her har det vore tett kamp mellom OS 1 og OS 2. 

Delta på løp

For å delta på løp må du:

  • Melde deg inn i klubben (sjå bli medlem på heimesida til os orienteringsklubb) 
  • Registrera deg på  https://eventor.orientering.no/
  • Ha eigen løpebrikke. Brikke er inkludert i klubben sin rekruttpakke. Brikka brukast både for å registrere at løparen har vore på riktig post og til tidsregistrering. 

Påmelding skjer på eventor.orientering.no, vel riktig klasse og registrer brikkenummer.

Dersom du ynskjer å løper i OS OK si løpsdrakt kan du kjøpe denne av klubben (sjå medlemsfordeler på heimesida til os orienteringsklubb)

På løpsdagen er det lurt å ha god tid. Det kan vera litt tid å gå frå parkering til Arena og frå Arena til Start.

På Arena: Her samlast alle løparane lagvis, sjå etter andre os-løparar ☺ Her kan du sette frå deg tøy, mat og anna utstyr du ikkje treng under løpet. På større løp som krinsmeisterskap ol. må lagspose med kart til N og C løpar hentast i sekretariat. På tysdags og onsdagsløp registrerer og hentar du kartet ditt sjølv. 

Start: Hugs å ta med deg kartet, brikke og kompass. Gå til start og start på angitt tidspunkt. Arrangøren har egne folk på start som skal hjelpe til at du kommer deg avvarde. 

Mål: Målgang er på samlingsplass. Hugs å spare litt krefter til ein spurt☺   Hugs å stemple også ved målgang, og så registrere brikka etter målgang, du vil da få tid og mellomtider. Etterpå er det tid for å diskutere vegvalg, bommertar ol. med andre løparar.

Resultatliste: Resultatet blir lagt ut på https://eventor.orientering.no/. Ta kontakt med Venla Snilstveit (958 31 513, venlaas@gmail.com )dersom det er noko du lurer på eller treng hjelp med.


Bli medlem!

Os Orienteringsklubb (Os Ok) er idrettslaget for deg som liker å løpe i skog og mark. Vi ønsker oss mange medlemmer på alle nivå. Om du vil gå på tur, bidra i et sosialt miljø eller om du vil bli så god som du kan, vi har plass til deg. Vi har treninger for nybegynnere og viderekommende. Om du er ute etter å presse deg til det maksimale eller om du vil være med som en mosjonist så har vi tilpasset treningsøkter til ulike nivåer.

Dersom du kunne tenke deg å begynne med orientering kan du trykke på knappen under og sende oss informasjon om deg selv!