Turorientering 2024

2apr

I år har vi 3 kart i Os Orienteringsklubb, Borgafjellet har 23 postar og enklaste startpunktet er frå Knutabruo og opp Alio mot toppen. Det neste kartet er Lepsøy med 18 postar utover mot Ulvsund, ei fin rundløype som er lettare enn løypa på Borgafjellet. Den siste løypa på Kuhnle er eit nytt konsept som er lansert i år. Dette er ein grønn tur utan synlege postar i terrenget, den kan kun brukast i appen «Turorientering» ved å bruke gps som registrerer postbesøket. Denne turen er ein såkalla grønn tur, dvs. at den er går på vegar og er tilpassa dei med barnevogn eller rullestol. Tenk etter kvar du parkerar, på turen til Borgafjellet kan parkeringa ved Tøsdal brukast. Husk å vise omsyn til grunneigarar, bebuarar, dyr og natur ved postane. Gulgrønn farge er forbode område. På nettsida www.turorientering.no kan du kjøpa «turpakka» som inneheld alle årets 3 turar for kr. 200,-.

Også i år blir det mogleg å ta gull, sølv og bronsemerke i turorienteringa. Årets merkekrav for voksen er høvesvis 350, 570 og 670 poeng for bronse, sølv og gull, halvparten for barn under 12 år. Husk du må registrere postane dine i appen eller på www.turorientering.no/osok for å få merke, dette kan du gjere manuelt med koden som står på posten eller ved å skanne qr-koda på posten. Med registrering her kan du også samanlikne dine resultat med andre turorienterar, uansett ambisjonar. Kartet laster du ned frå nettet eller i appen, om du ynskjer papirversjon kan du skrive ut frå turorientering.no nettsida.

Husk det er mogeleg å bli tur-O medlem i klubben – i år får medlemmer karta til halv pris. Du får være med på treningar (med eller utan tidtaking), og du vert invitert til klubbens sosiale arrangement. Prisen for et turmedlemskap er kun kr. 200 pr. år.
 Vi har plass til mange nye medlemmer i klubben, meir informasjon finn du her: https://www.osok.no/om-oss/bli-medlem/ 


Bli medlem!

Os Orienteringsklubb (OS OK) er idrettslaget for deg som liker å være i skog og mark. Vi ønsker oss mange medlemmer på alle nivå. Om du vil gå på tur, bidra i et sosialt miljø eller om du vil bli så god som du kan, vi har plass til deg. Vi har treninger for nybegynnere og viderekommende. Om du er ute etter å presse deg til det maksimale eller om du vil være med som en mosjonist så har vi tilpasset treningsøkter til ulike nivåer.

Dersom du kunne tenke deg å begynne med orientering kan du trykke på knappen over og sende oss informasjon om deg selv!