Marie Pontoppidan vann Gneist 2-dagers

10apr

Marie vant Gneist 2-dagers-001Marie som spring i klasse D35k leia med 2 sekund etter første dag, og i dag var det jaktstart.
————————————————————
Marie var litt nervøs før start, noko som er lett å forstå når det er første gongen du går ut først i ein jaktstart. Når leiinga berre er eit par sekund og du veit at fellesstarten går 5 minutt etter første start er det lett å kjenne presset.

Det var fellesstart for alle som leia klassane sine og så kom dei andre på rad og rekke før fellesstart 5 minutt seinare. Første løpar i mål vinn samanlagt. Frå eit lite utsiktspunkt kunne ein nøgd leiar observere Marie i starten. Starten gjekk og nesten alle sprang i høgt tempo ut til venstre. Berre Marie og ein til stoppa opp og stod nokre sekund før dei sprang til høgre. Det var lurt, Marie var av dei aller første uansett klasse på første posten. Dei beste frå fellesstarten nærma seg noko, men det held heilt inn for Marie som sprang inn til sin første siger i D35k og Os Orienteringsklubb sin første siger utanom i nybegynnarklassen.

Os Ok hadde til saman 6 deltakarar i Gneist 2-dagers, men dette var Marie Pontoppidan si helg.


Bli medlem!

Os Orienteringsklubb (OS OK) er idrettslaget for deg som liker å være i skog og mark. Vi ønsker oss mange medlemmer på alle nivå. Om du vil gå på tur, bidra i et sosialt miljø eller om du vil bli så god som du kan, vi har plass til deg. Vi har treninger for nybegynnere og viderekommende. Om du er ute etter å presse deg til det maksimale eller om du vil være med som en mosjonist så har vi tilpasset treningsøkter til ulike nivåer.

Dersom du kunne tenke deg å begynne med orientering kan du trykke på knappen over og sende oss informasjon om deg selv!