Osøyro viste si beste side då dei 106 o-løparane deltok i SprintCup nr.1 i Bergensområdet. Fana var største klubb med 24 deltakarar, men på resultatlista finn vi og klubbane Lillomarka (Oslo) og Rehns (Sverige).
Espen Rogsnvåg hadde laga spennande og krevande løyper med start ved «Bahus’en», ein runde opp i Mobergslia, ned til Essoen og gjennom sentrum inn på Kyrkjeflaten. Dei 2 lengste løypene hadde ein ekstra runde forbi Oseana, inn i Mobergsvikjo og tilbake. Espen hadde laga mange små «feller» for å sette o-løparane på prøve, og det fungerte. I langløypa var det 17 postar mens resultata viser at det berre var 4 postar ingen bomma på.
Dagens vinnar vart Göran Winblad frå Rehns BK med tida 18:56 med Markus Kjærner-Semb frå Varegg 7 sekund bak.
Egentlig var dette imponerande av Göran som sykla frå Bergen til løpet og sykla heim igjen etterpå.
Mange av deltakarane var veldig imponerte over kor fint det var i Os. Fleire kjøpte tur-o konvoluttar, så dei kjem nok igjen.
Takk til alle som hjalp til med arrangementet.
Helsing Tommy Sævareid, løpsleiar.
Opphavsrett © 2016 Os Orienteringsklubb - Sitemap