Espen vann Kristornløpet

17apr

Espen vann KristornløpetI helga var det stormønstring med 4 løp på Stord. 3 KM og eit rankingløp.
.
Fitjar arrangerte krinsmesterskap (KM) i nattorientering natt til laurdag. Stord IL arrangerte KM i Sprint på laurdag, KM Sprint-Stafett seinare same dag og Kristornløpet søndag. Kristornløpet var det 2. rankingløpet i Hordaland dette året.
.
Os Orienteringsklubb stilte berre på Kristornløpet, men då med 4 deltakarar.
Espen Rognsvåg gjekk heilt til topps i klasse H19k.
.
Det var ein jamn kamp mellom Espen og Haakon Rykkje frå Stord. På nest siste post hadde på sekundet same tid, men Espen avgorde på det flate partiet inn mot sidte post der han fekk ei luke på 8 sekund. I mål var avstanden 6 sekund og vinnartida 51:27 i den 5,3 kmlange løypa.

Også Turid gjorde eit bra løp då ho sprang inn til 3. plass i klasse D50.


Bli medlem!

Os Orienteringsklubb (OS OK) er idrettslaget for deg som liker å være i skog og mark. Vi ønsker oss mange medlemmer på alle nivå. Om du vil gå på tur, bidra i et sosialt miljø eller om du vil bli så god som du kan, vi har plass til deg. Vi har treninger for nybegynnere og viderekommende. Om du er ute etter å presse deg til det maksimale eller om du vil være med som en mosjonist så har vi tilpasset treningsøkter til ulike nivåer.

Dersom du kunne tenke deg å begynne med orientering kan du trykke på knappen over og sende oss informasjon om deg selv!