Det var Odda Orienteringslag som inviterte til Vestlandsmesterskap (VM) og orienteringshelg og på Korlevoll Skistadion i Odda. Det var 301 påmeldte frå 3 fylker der Os Orienteringsklubb (Os Ok) hadde 6 deltakarar. Turid Rognsvåg som deltok i klasse D50- (damer over 50 år) orienterte stødig, og utan nokre store feil kunne ho springa inn til ein flott 2.plass og sølvmedalje i klassen. Dette er Os Ok sin aller første medalje i Vestlandsmeisterskapet.
Søndag var det stafettar. Os Ok hadde ikkje deltakarar til å stille lag i VM klassane, men stilte med eit lag i den store Mix klassen med 19 lag. Espen som sprang første etappe hadde kontakt med teten og veksla som nummer 4, medan Turid på 2.etappe sprang laget opp på 2.plass. Tommy på siste etappe måtte sjå at Fana sin sterke unge løpar Birk Bell Lysaker passerte, og laget endte til slutt på 3.plass.
Det var ei fin orienteringshelg i Odda med fine løyper i flott terreng, einaste skåret i gleda var at regnet kom akkurat til premieutdelinga laurdag.
Opphavsrett © 2016 Os Orienteringsklubb - Sitemap