Kompis stafetten 2015

10jun

Vi stilte med 2 lag til start på Kompis stafetten på Ådland i Samnager søndag 7/6. Leiar i Os Ok, Geir Rognsvåg var godt fornøgd med begge laga etter stafetten. Vi klarte målsettinga om å fullføre, og det klarte vi.

På første etappe hadde vi 10 år gamle  Nikolai som avslutta etappa med ein flott spurt. På andre laget sprang Siv sitt aller første orienteringsløp, og det er ikkje vanskeleg å sjå korleis det gjekk (berre sjå smilet på bildet).

Andre etappe var jaktstart etter første etappe. Her starta Steinar og Elise, sistnemnde var einaste løpar som stilte i klubbfargane våre. Dessverre er reklamen og drakta ikkje vår, men vi har målsetting om at dette er siste året me spring utan klubbdrakt.

På tredje etappe hadde me stor aldersforskjell, Matias på 13 og Rolf på 71 gjorde begge fine etappar for laga sine.

På dei siste etappane sprang Ove og Ole-Håkon på lag2 mens Marie og Tommy sprang på lag1.
Os Ok 2 fekk 21.plass med tida 3:08:49 medan Os Ok 1 fekk 26.plass med tida 3:20:49.

Vi trudde laga var ganske jamne, og det var usikkert kva lag som kom først i mål heilt til langt ut i siste etappe.
Stafetten vart forøvrig vunne av Varegg med Viking og Gneist på dei neste plassane.

Bilete frå stafetten:

Si er ferdig med sitt aller første o-løp, sjekk smilet!

Siv er ferdig med sitt aller første o-løp, sjekk smilet!

En forrykende sluttspurt

Nikolai med en forrykende sluttspurt

Samling før start på andre etappe

Samling før start på andre etappe

Det var veldig fin stemning i teltet under hele stafetten

Det var veldig fin stemning i teltet under hele stafetten

Matias mot mål

Elise mot mål

Rolf starter på sin etappe


Bli medlem!

Os Orienteringsklubb (OS OK) er idrettslaget for deg som liker å være i skog og mark. Vi ønsker oss mange medlemmer på alle nivå. Om du vil gå på tur, bidra i et sosialt miljø eller om du vil bli så god som du kan, vi har plass til deg. Vi har treninger for nybegynnere og viderekommende. Om du er ute etter å presse deg til det maksimale eller om du vil være med som en mosjonist så har vi tilpasset treningsøkter til ulike nivåer.

Dersom du kunne tenke deg å begynne med orientering kan du trykke på knappen over og sende oss informasjon om deg selv!