Laurdag 3. oktober møttast 125 orienteringsløparar til dyst for å kappast om den gjeve krinsmeistartittelen i orientering. Då var det 50 år sidan forrige gong Strøno husa ei slik tevling. Minst fem av deltakarane var med begge gongene. Yngste deltakar no var fem år og den eldste var 90.

Os Orienteringsklubb bød inn til en solfylt arena på det opne området vest om vegen inn til Ervikane. Skjønt, i dagane og timane føre start hadde regnet gjort myrane godt blaute og tunge. Og Ervikabekken gjekk med høg vassføring.

I 1976 vann Turid Rognsvåg klassen for damer 17-18 år. Premien var ei kasse brus. I år var Turid løpsleiar for Os Orienteringsklubb og syta godt for premiane. Vinnarane fekk ein heimesydd O-pose fyllt med lokal marmelade frå Brekkene gård i Os.

I orientering kan ein starte med ei enkel løype som følger stiar og bekkar heile veien. Så vel ein sjøl kva tid en vil prøva meir og meir utfordranene løypar. Dei kan vere hardare fysisk og med vanskelegare navigasjon. Til saman hadde Os Orienteringsklubb sin Steinar Danielsen laga sju løypar.

Alle dei tre vansklegaste løypane hadde to felles kontrollpunkt og distansen på 440 meter mellan dei vart kalla «Draumestrekket». Tidane varierte mellom fire og tjue minutter. Raskaste dame og herre fekk ein ekstra oppmerksomhet frå Os Orienteringsklubb sin eigen O-poet Anders Tønnessen Rød.

Takk til alle deltakane, arrangørane, velvillige grunneigare og Askøy OL og IL Gneist for at arrangementet blei så bra.
Opphavsrett © 2016 Os Orienteringsklubb - Sitemap