BiOs arrangerte i dag orienteringsløp på Halhjem barneskule. Nytt ved BiOs løp frå denne sesongen er at dei no har med nybegynnarløype. Dermed vert løpa ypperlege treningsløp også for våre yngste.
18 løparar stilte til start i eit litt surt haustver som bare ein time etter siste løpar var i mål gjekk over til snøvær. På start var stilte både familien Snilstveit frå Os og familien Vikane frå fana med deltakarar i 3 generasjonar.
Heilt suveren i dagens løp var Andreas Berge frå Os Orienteringsklubb. Etter løpet fekk Andreas utlevert det synlege beviset på at han vart kåra til «årets utøvar» i Os Orientering for to veker sidan. Nest raskast i langløypa var unge lovande Kristine Bog Vikane frå Fana IL, ho slo både sin eigen far, alle damene og ein gjeng med mannlege veteranløparar.
Kortløypa vann Venla Snilstveit med ein gammal kjenning på 2. plass. Det var faren Hans Tore som gjorde comeback i o-løypa mens barnebarna Nora og Aurora var dei einaste nybegynnarane som var med i dag.
Tusen takk til Turid og Per Olaf for eit flott arrangement der dei stilte opp med både varm saft, kaffi og pepperkaker til deltakarane når dei kom i mål.
Resultatliste, strekktider og kortløypa frå løpet finn du her:
BiOs-2017-12-resultat
Opphavsrett © 2016 Os Orienteringsklubb - Sitemap