Arne Mæland og Os Ok har innleia eit samarbeid til glede for mange osingar og tilreisande. Resultatet av samarbeidet kjem om ikkje så lenge…
Os Ok har i samarbeid med Arne Mæland registrert samtlige skulpturar vi kjenner til rundt Osøyro. Alle er registrert med informasjon om mellom anna kunstnar, bilete og eksakt posisjon.
Nokre skulpturar på Øyro er meir enn det du trur du ser, slike hemmelighetar kan du lesa deg til og oppleve gjennom turorienteringa. Når sesongen åpner vil vi ha 50 postar rundt Osøyro, alle tilrettelagt slik at ein kan koma heilt inntil dei også frå manuell rullestol. I tillegg vil vi ha 35 poster plassert ute i skogen.
Det vil bli både Kul-Tur-O (kulturminne-orientering) og Skulp-Tur-O (skulptur-orientering). Norges orienteringsforbund er 50 år i år. Det vert i den samanheng ekstra premiering på nasjonalt nivå for dei som registrerer minst 30 postbesøk på turorientering.no. Meir informasjon kjem seinare….
Vi håper å starte sesongen til påske.
Opphavsrett © 2016 Os Orienteringsklubb - Sitemap