Turid Rongsvåg vart Os Orienteringsklubb sin fyrste krinsmeister.
Det var Fana IL som iviterte til langdistanse krinsmeisterskap på Fanafjellet laurdag. 163 utøvarar stilte til start i eit litt kaldt vårleg regnvær. Os Ok hadde 7 deltakarar på startstreken der deltakarane i dei lengste løypene fekk prøve seg på eit langstrekk på 1850 meter i luftlinje med minst 5 aktuelle vegvalg.
Turid som vart vår fyrste krinsmeister spring i veteranklassen for damer over 50 år. Ho gjekk opp i leiinga på langstrekket der ho hadde klart beste strekktid i klassen, men ein jevn kamp med Lise Christensen frå TIF Viking vart avgjordt då Lise tapte nokre sekund på posten ved bautaen på «Kongshaug» i Sædalen. I mål var avstanden 35 sekund. Gratulerer Turid!
Av andre deltakarar må vi nemne Matias Pontoppidan som sprang inn ein flott 4.plass og vart premiert i klasse H13-14. Marie Herigstad i D70 og Andreas Berge som sprang B-Åpen gjorde også gode løp.
Komplett resultatliste finn du her.
Opphavsrett © 2016 Os Orienteringsklubb - Sitemap