Laurdag 3. oktober var 119 O-entusiastar samla på Bergen Scandic City hotell for å feira at Hordaland orienteringskrets fyller 75 år i desse dagar. Det var ei flott feiring stødig leia av kretsleder Jan Haugland. Hederstegnskomiteens leder Jan R. Lien delte ut kretsens hederstegn for 2013 til Elin Sjødin Drange som mellom anna har vert den første lederen av Norges Orienteringsforbund fra Hordaland orienteringskrets. Hederstegnet for 2014 gjekk til Dagfinn Hole fra Bergens Turnforening for hans innsats for klubb og krets gjennom mange år.
Deltakarar frå Os Ok: Geir Rognsvåg, Anita Lindvik-Sævareid og Tommy Sævareid.
Seinare vart det levande musikk av Gulars sin duo Tom Erik Eikanger og Rune Nygaard før kvelden vart avslutta med dans til langt over midnatt.
Det er noko rart med å sjå o-løparar i finstasen, dei ser så annleis ut.
Før festen arrangerte kretsen rankingfinale på Stavollen. 116 deltakarar fullførte fellesstarten.
Frå Os Ok var det berre Tommy Sævareid som stilte til start, han vart nr.9 i H50 i finalen men endte til slutt på ein fin 4.plass samanlagt.
Opphavsrett © 2016 Os Orienteringsklubb - Sitemap