Vårt første klubbmesterskap vart arrangert på Kyrkjeflaten rett etter «Finn fram på Øyro». Det var to løyper, ei for dei som var 13 år og eldre og ei for dei som var yngre. Labyrinten var open for alle før løpet fordi den blei brukt som ein del av «Finn fram på Øyro», men løypene var nye. Det var 18 personar som starta, og fleire av favorittane sprang nok litt for fort og gjorde feil.
I klassane for dei under 13 år var det 10 startande, det er vi svært nøgd med. I desse klassane fekk alle premie.
I D17- (klassen for damer over 17 år stod kampen mellom Marie Pontoppidan og Siv Øvrebotten Lie. Siv starta raskt, men Marie er meir erfaren og vann til slutt med tida 5:00, 28 sekund føre Siv.
I H17- stod kampen mellom dei erfarne o-løparane Espen Rognsvåg og Steinar Danielsen. Dei to byttar på å leie, og etter 16 postar stemplar dei på sekundet likt. Då gjenstår 2 postar, Steinar bruker 11 sekund på desse medan Espen bruker to sekund meir.
Gratulerer Marie og Steinar!
Fullstendige resultat finn de her.
Bilete frå arrangementet:
Opphavsrett © 2016 Os Orienteringsklubb - Sitemap