Os Orienteringsklubb inviterer til orienteringsløp med arena på Os vgs. Vi håper på 150 deltakarar fordelt på 3 løyper, ei nfor nybegynnarar der deltakarane kan ha følgje rundt løypa og 2 litt vanskelegare løyper.
Innbyding til løpet finn de her: http://eventor.orientering.no/Events/Entries?eventId=8009&organisationId=1103
Løpet går på eit heilt nytt kart, utgitt av Os Orienteringsklubb i mai 2017!
Det er aller første gang dette kartet vert brukt.
7 timar før påmeldingsfristen går ut kl.22 i kveld er heile 15 medlemmer i Os Ok påmeldt, og då kjem arrangørstaben i tillegg.
Aldri før har så mange frå klubben stilt på startstreken i et løp. Det vert og mogeleg å melde seg på løpsdagen på arena, men av omsyn til arrangørstaben håper vi flest mulig melder seg på i kveld.
Dette arrangementet kjem berre 2 dagar etter suksessen søndag der 3 lag med frå Os Ok fullførte Kompis-stafetten på Totræna. Førstelaget yppa seg lenge mot dei beste på stafetten, og endte til slutt på premieplass. Bilete og omtale kjem snart…
Opphavsrett © 2016 Os Orienteringsklubb - Sitemap