Os Ok inviterer til det aller første orienteringsløpet på Balandsneset.
Kartet har vi kalt «Lysodden».
Takk til Drange Bruk og grunneigarar som har vert svært positive til arrangementet.
Hordaland orienteringskrets har valgt å legge vinterens første laurdagstrening til vårt treningsløp laurdag 14/11.
Det vert fri start frå kl.11.00 til 12.30. Vi håper fleire deltakarar samler seg til felles oppvarming frå mål. kl.11.15. For at dette skal bli ei skikkelig treningsøkt også for krinsen sine beste orienteringsløparar har vi utvida løypetilbodet med 2 ekstra løyper. Vi har ei løype for nye o-løparar og dei med berre litt erfaring, mens vi har 3 A-løyper der den eine er ekstra lang (Elite).
Vi vil helst at så mange som mogeleg melder seg på på førehand, påmeldingsfristen er satt til torsdag kl.24.00.
Etteranmelding er likevel mogeleg på arena fram til kl.12.00 laurdag (så lenge vi har kart nok).
Treninga er open for alle, så vil du være med tar vi kr.30 for kartet. Treningsløpet er gratis for medlemmer av Os Ok.
Det vert elektronisk tidtaking (EMIT), og vi har nokre få brikker vi kan låne ut.
Full invitasjon finn du her:
http://eventor.orientering.no/Events/Show/5841
Velkommen til ei tøff o-trening i ei litt ukjent naturperle i Os.
Opphavsrett © 2016 Os Orienteringsklubb - Sitemap