Torsdag 1. oktober kl.18.00 er det igjen trening på Nore Neset skule (barneskulen)

Det var få på treninga forrige veke, synd for Ingunn hadde ordna ei flott løype.
Treninga komande veke vil vise om me skal fortsette å trene sjølv om mørket fell på. Det er difor viktig at de kjem med innspel no.
Det begynner å bli litt mørkt, men det er berre ei ekstra utfordring. Det er litt vanskelegare å finne postane, men det går heilt fint. Vi held oss i kjente omgivelsar og du starter når du vil fra kl.18.00.
Nybegynnerløypa har 12 postar og er ca.1 km i luftlinje, men det blir en god del orientering uten at det blir for vanskelig.
Kartet er i målestokk 1:2500, og du starter når du vil etter kl.18.00
Langløypa er ei tøff sprintløype med 17 postar som er 2.5 km lang med noko terreng, den vil være ei fin utfordring for dei som vil ha det litt vanskeligare. Kartet er i målestokk 1:4000.
Vi tar inn postane når alle er i mål, eller frå kl.19.30
Hugs å ta med refleksvest, og ei hodelykt (så du klarer å lese kartet)
Opphavsrett © 2016 Os Orienteringsklubb - Sitemap