Av Sylvi Lundgren (arrangør)
I desember 2022 arrangerte Os orienteringsklubb, 1. Os KFUK-KFUM speidere og Os kyrkjelyd Aktiv Julekalender med poster mellom Os og Lunde skule.
Nylig blei hovedvinnaren av gavekort frå Os sentrum kåra, det skjedde ein ruskete tysdagskveld på Borgafjell skule, før orienteringsklubben skulle ha første trening i 2023.
Vinnaren av aktiv julekalender 2022 er medlem av orienteringsklubben og har tatt fleire av postane som var hengt ut.
Hovudpremien vart trekt på eit møte med representantar frå 1. Os Speidarane, Os Orienteringsklubb og kyrkja. Daniel Skår vart trekt ut som vinnar.
Daniel Skår, korleis fant du ut at det var aktiv julekalender?
– Eg fant ut av det gjennom orienteringsklubben og lasta ned Appen på ein av treningane før desember.
Så når desember kom var du klar til å springe ute?
– Ja, og då tok eg ein ny post kvar dag.
Denne gangen så har orienteringsområdet vert mellom Os sentrum og ut til Lunde skule.
Kva var den finaste posten tenkjer du?
– Det var nokon av dei postane som låg fint nedover mot Tellevikjo og Mobergsvikjo, heit ute på kanten, seier Daniel. Det var post nr tre trur eg og her er vi samstemte, den var eg også spesielt begeistra over.
Dette er tredje året med julekalendar så eg lurer på om Daniel er erfaren julekalendar-gangar:
Du har vert med tidlegare år også?
– Ja, eg var med i 2021 og denne siste 2022.
Gjekk du kvar dag eller samla du opp så du fekk ein runde?
– I jakten på dagspremie så prøvde eg å gå den dagen posten blir lagt ut, dei gangane det ikkje gjekk så samla ein opp postar og får ein litt større runde.
Han vant og ein dagpremie.
Vil du anbefale andre til å bli med på dette?
– Ja så absolutt. Eg syntest det er veldig gøy! Og ein kan gå saman med andre, eg hadde med mamma og pappa ut, samla og gjekk tur med dei, avsluttar Daniel Skår i samtale med Sylvi Lundgren.
Opphavsrett © 2016 Os Orienteringsklubb - Sitemap