Os Ok inviterer heile Os bygda til å bli med på tur. Kom til Kyrkjeflaten onsdag mellom kl.10 og 20. Vi deltar i eit verdsrekordforsøk, og vi starter ei turgruppe!
Alle får være med, deltakaravgift kr.0,-
Her vert det orienteringsleik for barn og unge:
– Kjegle-O
– Skulptur-O
– Brikkeløp
med og utan elektronisk tidtaking.
Skuleklassar bør komme i skuletida og store grupper bør avtale tidspunkt. Kontakt leiar i Os Ok, Tommy Sævareid på tlf.4738 2657 for å avtale tid.
Meir informasjon om verdsrekordforsøket finn du her:
http://www.orientering.no/laering/verdens-o-dag/
Vi starter ei tur-gruppe, første tur går frå Kyrkjeflaten onsdag 11. mai kl.18.00!
Tur-gruppa vil gå ein tur som passar til dei frammøtte, omkring 30 minutt. I tur-gruppa får du lære vår måte å gå tur på, lese kart og å bruke kompass. Det vert og ein tur kl.19.00. Alle som er med på turen tel med i verdsrekordforsøket.
Vi håper alle turgrupper i Os nyttar høve til å prøve denne måten å gå tur på.
Du kan og delta heilt på eiga hand. Har du tur-o kartet over Osøyro har vi 2 eindagspostar denne dagen.
Post 293 og 295 vert tilgjengeleg frå kl.9-21 denne dagen. Alle som registrerer postbesøk på desse postane på onsdag er også med i rekordforsøket.
http://turorientering.no/osok/turblogg/2016/11802-2-eindags-postar-pa-verdens-o-dag-11mai/
Opphavsrett © 2016 Os Orienteringsklubb - Sitemap